Her finn du oss

Bedehuset Nain
er eit særprega åttekanta hus på Vossevangen.
Det blei bygd i 1888, så det har stått der ganske lenge….
….. Hestavangen 20    her….

Litt meir om Nain

Nain er også ein by i Israel. Den er nemd ei einaste gong i Bibelen. Likevel er det nok til at nokon på Voss ville at bedehuset skulle kallast opp etter denne byen. Kvifor det??
Les avsnittet i Bibelen der byen er nemd:

Luk 7:11-16
11 Det hende neste dagen at han drog til ein by som heiter Nain. Mange av læresveinane hans og mykje folk gjekk dit saman med han. 12 Då han kom nær innåt byporten, vart ein død boren ut. Han var einaste sonen til mor si, og ho var enkje. Mykje folk frå byen var med henne. 13 Då Herren såg henne, fekk han medynk med henne og sa til henne: Gråt ikkje! 14 Så gjekk han bortåt og tok på båra. Dei som bar henne, stansa, og han sa: Unge mann, eg seier deg: Stå opp! 15 Då sette den døde seg opp og tok til å tala, og han gav han til mor hans. 16 Alle vart tekne av otte, og dei lova Gud og sa: Ein stor profet er reist opp mellom oss, og Gud har gjesta sitt folk.

Jesus kom inn i ei verd som er prega av at menneskelivet er vorte øydelagd. Døden er eit faktum. Her kjem Jesus med liv og med håp – som gjev glede!

Slik ynskjer me at bedehuset Nain skal få vera ein stad der ein kan få eit møte med Jesus Kristus. Og gjennom Han få del i livet, håpet og den fullkomne gleda.
Velkomen i Nain!