Me er eit kristent fellesskap på Voss som ynskjer å fylgja Jesus og gjera han kjend. Han som kom for å gje oss liv og håp!
Me er ei kyrkje som er ein del av Indremisjonsforbundet.
Indremisjonsforbundet er delt opp i krinsar, og me er ein del av Indremisjonssamskipnaden.
Fleire andre misjonsorganisasjonar er også representert i forsamlinga.
Dette er med på å setja det me står i, inn i ein global samanheng.
Me har møte i Nain kvar sundag kl 11.00.
Anna kvar veke er det også sundagskule Heilt konge! (3-10 år) og Ten-up (for 5. kl. og oppover) Kvar onsdag kl 19.30 er det bønesamling.
I tillegg har me husfellesskap der ein møtest i mindre grupper i heimane.
Grønt bedehus
Eit grønt bedehus (same ordning som grøn kyrkjelyd) vil omsetja det globale miljø- og rettferdsengasjementet til konkrete tiltak i si forsamling og sitt lokalsamfunn. Dette målet arbeider Nainkyrkja mot.