Ny satsing for Ten Up

Ny satsing for barn og ungdom i Nain:

Awana – med mottoet: Å kjenna, elska og tena Gud

Dette skriv Awana
Me ynskjer at barn og unge skal kjenna, elska og tena Jesus gjennom heile livet.
Awana har eit tilbod fra 2-18 år, og er eit solid reiskap for å hjelpa foreldre og føresatte i å disippelgjera barna.
Me ynskjer å vera ein ressurs for familiane som hjelper dei til å få ei levande tru som ber gjennom livet.
Awana legg vekt på leik og relasjonar, og me ynskjer at barna skal kjenna seg sett og elska – og at dei opplever det som kjekt å være med i Awana.
Sjå video her.

Litt fakta
Awana er spreidd til over 100 land og 3,7 millionar barn er med i Awana klubbar omkring i verda. Det er utvikla i Chicago, USA. Indremisjonsforbundet har teke det til Noreg og har omsett det til norsk.
Statistikk viser at 80% av dagens kristne tok valet om å følgja Jesus før dei var 18 år! Derfor trur me på å satsa på barn og unge. Awana har fokus på at kvart enkelt barn skal få presentert og forstå evangeliet. Det er tid for leik og moro, undervisning og samtale i smågruppe. Me har fokus på å snakka om det me har lært og på å læra bibelvers. Det å gøyma Guds Ord i hjarto våre er viktig. Men og hjelpa barna å forstå kva bibelversa betyr i sin kvardag og forstå konteksten dei er henta frå.

Awana i Nain
Me startar i haust med å bruka Awana sitt  T&T opplegg som er for 5-7 kl. på Ten Up frå søndag 10.september, der det første temaet er det viktigaste: Kva er evangeliet og korleis blir eg frelst?Dei vil få utdelt eit introduksjonshefte som skal  jobbast vidare med heime saman med foreldre. I oktober vil dei få utdelt bøker som hjelper dei å jobba med det dei lærer på Ten Up mellom kvar samling.
Les meir på www.awana.no