Nådegåvene

Dette semesteret har me fokus på nådegåvene. Gud er den store gjevaren: All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar. Jakob 1:17 Det er han som gjev oss livet. Han gjev oss også frelse og evig liv gjennom Jesus Kristus: For liksom synda fekk herredøme ved døden, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre. Rom 5:21  Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alt med han? Rom 8:32

Han gjev også gåver når det gjeld vårt liv og vår teneste for Gud og hans familie – nådegåver. Dei er av nåde (gratis) og gjev oss utrustning til det Gud har tenkt for våre liv. Slik kan me vera forvaltarar av Guds store nåde: Ten kvarandre, kvar og ein med den nådegåva han har fått, som gode forvaltarar av Guds mangfaldige nåde. 1Pet 4:10  Han har ein spesiell plan for kvart enkelt menneske! Me vil saman hjelpa kvarandre til å oppdaga og ta i bruk desse gåvene!