Tor Ingvald Lauvrak er talar på alle møta.

Møteaksjon i Nain

Tor Ingvald Lauvrak er talar på alle møta.

Frå tysdag 1. – sundag 6. februar vert det møter i Nain med Tor Ingvald Lauvrak. Han reiser som evangelist i Indremisjonsforbundet. Evangelium er eit ord ein finn i Bibelen som betyr glad bodskap, gode nyheiter. Det er også målet med desse møta; å bringa gode nyheiter frå Gud som gjev håp for livet og framtida. Det vert møte kvar kveld frå tysdag til fredag kl 19.30, og sundag kl 17.oo. Tysdag vert koret Korall med og syng.

Så håpar me desse dagane får vera til inspirasjon og fornying for mange, og at fleire får læra Jesus å kjenna! Det handlar om ikkje mindre enn å få del i det evige livet – som gjev meining og mål for livet her, og håp for framtida!