Kurs i Nain med fokus på å førebygga seksuelle krenkingar

Laurdag 3. sept kl 10.00 – 16.00 vert kurs med tittelen: Å vera leiar – tillit, makt og ansvar. – Førebygging av seksuelle krenkingar. Det er utarbeidd av Tormod Kleiven og Else Karin Bjerva ved Diakonova i Oslo – i samarbeid med Normisjon.

Målet med dette kurset er å skapa bevisstheit rundt:

  • korleis me opptrer overfor kvarandre for å bygga trygge og gode relasjonar.
  • eit sunt syn på seksualitet.

Dette for å førebygga at overgrep skjer, men at ein også skal få hjelp til vera i stand til å avdekka overgrep der det skjer.

Dette er eit svært lærerikt kurs som berører både interessante og krevande tema. Det vil vera til hjelp i eige liv og i møte møte med andre menneske i ulike situasjonar. Kursdagen er delt inn slik:

  • Tillit og makt
  • Ein viser filmen ”Det skjer ikke hos oss”
  • Seksualitet og krenkingar
  • Avdekka og førebygga

Kursleiar denne dagen er Knut Kvamme. Dagen startar kl 10.00 og vert avslutta kl 16.00. Ta med niste, og det vert servert drikke. Kurset kostar kr 100,- (studentar halv pris) Påmelding og spørsmål til post(a)vossindremisjon.no eller sms/tlf 95242719.

Sjølv om kurset har fokus på det å ha ein eller annan leiarfunksjon, vil vil me anbefala kurset til alle!

Du kan lasta ned brosjyre her:  Førebygging av seksuelle krenkingar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *