JULEKONSERT MED PARELI!

parelijulMe gler oss til denne fantastiske konserten i Nain fredag 28. november kl 19.00! 

Pareli spelar i hovudsak salmar og bedehussongar frå det rikhaldige utvalet som finst i norsk kyrkje- og bedehuskultur. Her vil den glade julebodskapen verta presentert i arrangement som passar for eit breitt publikum.  Deira måte med å kombinera svært høg musikalsk kvalitet  og varm formidling, vil gjera denne kvelden til ei stor oppleving.

Pareli har sidan 2009 hatt fleire hundre konsertar i Norge, Sverige og USA. Gruppa sin frontfigur, Arne Pareli, er 24 år gamal og har universitetsutdanning i klassisk sang frå Griegakademiet og lever i dag av musikk, samtidig som han er sangevangelist i Indremisjonsforbundet. Han har også vore på Voss tidlegare som solist i saman med Fossegrimen. Denne gongen har han heile gruppa med seg. Rune Hodne Hermundsplass – gitar, Thomas Gallatin – slagverk, Ragnar Løsnesløkken – bass, Gunnar Melbø – piano. – Meir finn du her: pareliband.no

I 2012 gav Pareli ut juleplata «Kling no klokka», og dette er utgangspunktet for julekonsertene deira. På denne konserten vil ein  stort sett få høyra kjende, kjære julesanger pakka inn i smakfulle arrangement som vil gje både julestemning og julefred.