Fastetid

Me er no inne i fastetida. Denne tida varer i 40 dagar og startar med oskeonsdag (i år 22. febr), og varer fram til påske. Dette er ei tid til ettertanke og bøn – og det å praktisera faste vil vera ei hjelp til å koma nærare Gud.

Bibelen talar om faste. I Jesaja kap 58 står det: 5 Er dette slik faste som eg finn hugnad i, ein dag då eit menneske plagar si sjel? At ein bøyer sitt hovud som eit siv og reier si seng i sekk og oske – kallar du det ei faste og ein dag som er til hugnad for Herren? 6 Er ikkje dette den fasta eg finn hugnad i, at de løyser lekkjene åt gudløysa, sprengjer banda åt åket, set undertrykte fri og bryt kvart eit åk? 7 Er det ikkje dette at du bryt brødet ditt for den som svelt, og lèt heimlause stakkarar koma i hus – når du ser ein naken, at du kler han, og at du ikkje dreg deg vekk frå dei som er av ditt eige kjøt og blod? 8 Då skal ljoset ditt bryta fram lik morgonroden, og lækjedomen din skal renna brått. Rettferda di skal gå fram for augo på deg, og Herrens herlegdom skal vera baktroppen din. 9 Då skal du kalla på Herren, og han skal svara. Då skal du ropa, og han skal seia: Sjå, her er eg! Når du får bort kvart eit åk hjå deg og lèt vera å peika fingrar og tala vondt, 10 når du set fram åt den svoltne det som du sjølv har hug på, og mettar den sjela som lid, då skal ljoset ditt renna i mørkret og natta di verta som ljose dagen. 11 Herren skal leia deg heile tida. Han skal metta deg midt i øydemarka, og beina dine skal han styrkja. Du skal verta som ein hage rik på vatn, som ei kjelde der vatnet vell og aldri tryt. 12 Søner av deg skal byggja opp att ruinane frå gammal tid. Grunnvollar som har lege der frå ætt til ætt, skal du reisa opp. Og dei skal kalla deg han som murar att brotne murar og set vegar i stand, så folk kan bu i landet.13 Når du held foten din att på sabbaten, så du ikkje driv yrket ditt på heilagdagen min, og du kallar sabbaten ei lyst, kallar Herrens heilagdag høgvørd, og du ærar han, så du ikkje går dine eigne vegar, ikkje gjer noka gjerning eller fer med tomt snakk – 14 då skal du gleda deg i Herren, og eg vil la deg fara fram over høgdene i landet og la deg nyta arven etter Jakob, far din. For Herrens munn har tala.

Ynskjer du praktisk hjelp når det gjeld bibelsk faste kan du klikka her…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *