Kategoriarkiv: Nyhet

Me syng jola inn i Nain laurdag 17. desember kl 15.00!

julEtter grautserveringa laurdag samlast me og «syng jola inn» i Nain kl 15.00. Då vil fleire vera med å ta del med song og musikk, og det vert og god anledning til å vera med å syngja jolesongane – både gamle og nye.

Dette vert ei flott stund for liten og stor – unge og eldre! 🙂

Gratis graut i Nain laurdag 17. desember

graut2Laurdag 17. desember er det all grunn til å leggja turen innom Nain! Frå kl 13.00-14.30 serverer me graut – og den er gratis! Kom innom og nyt god risgraut saman med andre. Så vert det også høve til å ta seg ein kopp kaffi eller te med noko attåt.

Ein smak av Hjertefokus

Laurdag 29. oktober arrangerer vi ein undervisningsdag om Hjertefokus,

Smak hjertefokus

eit opplegg som handlar om å ta Gud med inn i vår livshistorie og la Han få kasta sitt ljos over det som har vore med å forma oss. Slik kan vi la Guds sanningar verta våre sanningar.

Eilif Haaland, spesialist i allmennmedisin, har saman med kona Marit B. Haaland, sjuekepleiar, vore foredragshaldarar på kursa i ei årrekkje.Gjennom deira djuptgripande bibelsk-psykologiske undervisning har mange menneske fått oppleva å koma inn i ei djupare forståing av Gud, seg sjølv og sine medmenneske. Denne laurdagen er det Eilif som underviser.

Marit-og-Eilif_web

Dagen vil innehalda 6 undervisningstimar og det vil bli servert lunsj, kaffi, te og frukt undervegs.

Tidsramme 09.30-17.30.         Pris kr. 100,-. 

Påmelding innan 26. okt til:  post@vossindremisjon.no – Eller sms: 95242719

BIBEL-MARATON i NAIN!

hjerte-bibelen-620Bibelen er den mest selde og mest leste boka i verda. Denne eldgamle boka er framleis aktuell, forandrar liv og gjev håp til menneske over heile verda.  Komande veke vil heile Bibelen verta lest høgt i Nain!

Det heile startar etter møtet sundag føremiddag kl 13.00-21.00. Deretter vert det frå måndag til laurdag lest kvar dag frå klokka 09.00 om morgonen til klokka 21.00 om kvelden. Då er Nain open, og det er høve til å koma innom, setja seg ned, finna roen, ta ein kopp kaffi og høyra Bibelen lest høgt. Velkomen til eit unikt møte med bøkenes bok!

Tur for heile storfamilien i Nain

worship12Søndag 8 mai reiser me på tur.

Me reiser frå Nain kl. 11. Målet for turen er Sætervika ( leirplass i Samnanger) Der kan me utfolde oss i naturen med bl.a. klatrepark og kano, eller du kan sitte på ein benk og nyte god prat.

Det vert ei samling med song og andakt.

Mat: Me fyrer opp grillen, de tar med grillmat. Kan nokon ta med kaffimat vil me gjerne høyre frå dykk. Kaffi ordner Sætervika.

Det koster kr. 70 pr. person til Sætervika. ( vert det litt mykje så hjelper me kvarandre)

Meld deg på innan fredag 6.mai til: Grete Fjellheim Måkestad:  97655909/gretefm@hotmail.com
Irene Skjervheim: 41687880/irene.sk@online.no  eller Berit Hauge Våle 91654950/berithv@gmail.com

Velkommen!!

 

Ungdomsklubb i Nain

ungMe er godt i gong med ungdomsklubben denne våren. Me har hatt filmkveld og akekveld, ete taco og pizza. Me har leika og me har laga litt hobby.

Neste gong er førstkomande laurdag ( 9. april)  kl. 18.00-21.00. Det er mogeleg å spele Yatzi , kort, sjakk eller andre spel. Me har framme litt andre bordspel også. Andaktsstund. Bønn.

Mat er viktig så me har eit  godt måltid bak i vetlesalen. Denne gongen vert det rundstykker med godt pålegg, kakao, agurk, gulrot og dipp.

Dei neste datoane for våren er: 30 april og 28 mai.

Me har ei eigen facebookside. Der vert det lagt ut informasjon undervegs.                            Adressa er:   www.facebook.com/ungdomsklubbinain

Fredagsklubb i Nain

20160304_204943Fredagsklubben er godt i gong og me har hatt nokre gode klubbkveldar. Her er bilete av flotte ting som vart laga på påskeverkstaden. Det er stor aktivitet både i hobbykrok, med ballspel, bordspel mm. Etter eit godt måltid med pizza og grønnsaker med dipp, er det populært med Quiss. Det er ingenting å seie å innsatsen.

Me har hatt ulike tema under andaktane: Skapelsen, kvifor me feirar påske, kva vil det seie å vere ein god ven, Jesus som ven mm.

Det er flotte bor20160304_205345ne me får bli kjende med!

Dei neste fredagsklubbkveldane utover våren er:                            1 april, 22 april og 20 mai

Skaping – evolusjon?

skapingevolusjonLaurdag vert det tema-dag i Nain der tema rundt skaping og/eller evolusjon vert teke opp.

  • Kva med Bibelens truverde i møte med dette temaet?
  • Kva med Bibelens sjølvforståing i møte med vitenskapen?
  • Kva konsekvensar vil dette få for synet på korleis me ser på universet og korleis alt er vorte til? 

Jogeir Lianes vil forelesa om dette. Han er ein av forfattarane av boka «Skapelse og/eller evolusjon – Hva sier Bibelen?»  Det vert høve til spørsmål og samtale i samband med dei ulike tema som vert teke opp. Det vil også verta servert kaffi/te i pausane. Ta gjerne med niste. Dette vert ein spennande dag om eit engasjerande og viktig tema!

Jogeir Lianes vert også med på sundagsmøtet 3. april kl 17.00.