Å kjenna Jesu kjærleik!

Love of ChristTema for vårsemesteret – Å kjenna Kristi kjærleik – er henta frå Efeserbrevet i Bibelen. Der står det i kap 3 vers 14-21:

14 Difor bøyer eg mine kne for Far, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far i himmel og på jord. 16 Må han som er så rik på herlegdom, styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande. 17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Må de saman med alle dei heilage få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå. Må de bli oppfylte med heile Guds fylde! 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han vere ære i forsamlinga og i Kristus Jesus  gjennom alle slekter og i alle æver! Amen.

Me lever i denne bøna og ynskjer at dette skal prega oss som enkeltmenneske og forsamling!