40 dagar med mål og meining!

logo 40 dagar

Går du med spørsmål som: Kvifor i all verda er eg her? Er det noko meining, eller er det tilfeldig at eg lever og er til? Kva er i tilfelle meininga med livet?

Då kan du vera med på ei reise i 40 dagar der desse og mange fleire spørsmål vert teke opp. ”40 dagar med mål og meining” er ei spennande reise der sentrale spørsmål rundt det å vera menneske vert teke opp.

Lysbilde1Forfattaren av boka Målretta liv, Rick Warren, meiner at Bibelen gjev svar på livets mange spørsmål. Desse 40 dagane vil me gå saman for å finna Guds svar på spørsmåla som kjem opp.

Denne serien går på tre ulike plan. Kvar deltakar les eitt kapittel i boka Målretta liv kvar dag, så møtest ein i ei mindre gruppe ein gong i veka. Der samtalar ein om det ein har lese – med utgangspunkt i eit samtaleopplegg knytta til boka. Så vil det på sundsagsmøtet i Nain verta undervist om dei tema ein møter i boka.

Kvar veke har sitt hovudtema:

  1. Kvifor i all verda er eg her? – Sundag 7. februar
  2. Tilbeding – Du vart planlagd for å gleda Gud – Sundag 14. februar
  3. Fellesskap – Du vart danna for Guds familie  – Sundag 21. februar
  4. Disippelskap – Du vart skapt for å bli lik Kristus  – Sundag 28. februar
  5. Teneste – Du vart danna for å tena Gud  – Sundag 6. mars
  6. Evangelisering – Du vart skapt for eit oppdrag  – Sundag 13. mars

Oppstart vert sundag 7. februar

Påmelding og spørsmål til post@vossindremisjon.no eller tlf/sms 95242719 (Knut)

 Velkomen til ei spennande reise der du kan verta betre kjend med deg sjølv, andre menneske og Gud!